The Ice Harvest

Film · 2005 · · 13. juni 2006
3/5

Eg har delte meiningar om denne filmen. Fleire plassar ser eg at det blir prøvd å gjere noko morosamt på ein intellektuell måte, men at det ikkje helt når opp. Det er likevel morosamt mange stader, spesielt i scenene med Oliver Platt.

Filmen klarar ikkje å overraske, og er trass i straumane av blod litt slapp. Det kalde preget kjem ikkje heilt fram. I ei scene der rollefiguren til John Cusack står og ser utover eit jorde får eg inntrykk av at det er ein mild fønvind framover kalde gufs som går gjennom håret hans. Eg har absolutt ingenting å grunngi dette med, sidan det som sagt berre er eit inntrykk.

The Ice Harvest 2005 plakat - Filmdagbok