The Ice Storm

Film · 1997 · · 26. mars 2006
4/5

Frå regissør Ang Lee, mannen bak Wo hu cang long, får me servert ein film som balanserer mellom varme og kulde. Året er 1973, og i ein forstad i Connecticut møter me ein gjeng med folk som alle strevar med sine personlege forhold. I tillegg til spenninga på dette planet, og ja, varme blant enkelte menneske, så er det duka for ein av dei kaldaste vinterdagane mens Watergate-skandalen går sin gang i media.

The Ice Storm er eit mekka for forholdsinteresserte filmentusiastar, og for dei som elles er glad i å sjå dagens kjente skodespelarar i tidlegare roller. I tillegg til å vere første filmen til Katie Holmes, er det ein ung Elijah Wood me møter. Men det er det grå preget og eit meir ope og avslappa forhold til mellommenneskelege forhold som som gjer at denne filmen blir interessant for min del.

The Ice Storm 1997 plakat - Filmdagbok