The Importance of Being Earnest

Film · 2002 · · 8. februar 2015
3/5

To menn kallar seg Ernest. To menn blir forelska i og kjent med kvar si kvinne under dette namnet. Og denne bruken av pseudonym fører til forviklingar i stor grad.

The Importance of Being Earnest er ein komedie basert på noko banalt, men er ikkje banal i seg sjølv. Det er fiffig utført og artig. Sett til eit pynteleg England på 1890-talet som gir det heile eit herskapeleg preg. Dette miljøet passar godt, då historia kviler på behandlinga av bakgrunnsinformasjonen frå ei tidlegare tid.

Eit stjernelag utgjer rollegalleriet, så det er lite å utsetje på det.

Det som gjer at filmen ikkje når heilt opp er at ting går litt for mykje opp igjen til at heile filmen er like god.

IMDb-logo
The Importance of Being Earnest 2002 plakat - Filmdagbok