The Inbetweeners 2

Film · 2014 · · 4. januar 2015
3/5

Folka i The Inbetweeners 2 er nokon artige fargeklattar som eg lærte å like i serien The Inbetweeners. At det attpåtil kom ikkje berre ein, men no to filmar, har vore ein bonus.

Som i The Inbetweeners Movie reiser dei også her på ferie, denne gongen til Australia, der Jay held til for tida. Denne Jay-fyren har ein tendens til å overdrive, og har i løpet av sitt opphald i Australia skrytt i massevis til sine venner i Storbritannia.

Det er med store forventingar dei reiser rundt jorda for å oppleve eit stort eventyr. Noko som sjølvsagt ikkje skjer, men der mange rare, heldige og uheldige, hendingar får sitt utløp. Det motsette kjønn står også i denne filmen i sentrum.

Denne tredje installasjonen i den britiske delen av The Inbetweeners, når ikkje opp til serien og den første filmen, men er eit velkomme tilskot. Utan kjennskap til karakterane er eg usikker på om dette er verdt å sjå, men om du er kjent med forløparane, så er det ingenting i vegen for å sjå dette også.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Inbetweeners 2 2014 plakat - Filmdagbok