The Inbetweeners

Serie · 2012 · · 3. juni 2013
3/5

Amerikanske The Inbetweeners, basert på den britiske The Inbetweeners, er ei bleik kopi av originalen.

Serien gjekk ein sesong på MTV før han vart lagt ned. Det handlar om fire upopulære gutar i ein vennegjeng, forsøket deira på å få damer og flaua episodar i ungdomstilværet.

Det er morosamt nok. Hadde serien halde fram så ville eg ha sett på. Rett og slett fordi det er så enkel og uforpliktande moro.

Serien og karakterane manglar nok substans til at dette skal slå skikkeleg an, som nok er ein av grunnane til at dette aldri tok av i USA.

The Inbetweeners 2012 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Bubba LewisZack PearlmanJoey PollariVis alle

Sjanger

Land