The Incredibles

Film · 2004 · · 6. november 2007
4/5

Ein desemberdag for tre år sidan var dette ein passe god animert film, men ikkje alfa omega. Eg kjente igjen musikktypen, det var litt som i ein James Bond-film. Og ulike element frå superheltehistorier, eit vist nostalgisk preg og glimrande animasjon. Parodieringa på superheltfilm var noko eg meinte i ettertid var svært viktig i filmen, og det mest morosame.

Å kalle det ein parodi er feil ordbruk, The Incredibles er ein hyllest til superheltfilm og brukar flittig mange kjente trekk. Ved å bruke animasjon kan det heile gjerast ganske vilt samanlikna med vanleg film med spesialeffektar utan at eg reagerte på det, endå nærare teiknefilmsjangeren. Alle referansane til superhelt- og agentfilmar er til å sette pris på. Handlinga er føreseieleg så det held, men filmen er flott utført og køyrer løpet godt.

Disney og Pixar har laga ein film for familien, så nokon moralske preik må du tåle ved siden av lykkeleg slutt og samla familie. Dette er på si side det som trekk filmen ned eit hakk for min del sjølv om eg forventa det. Viktig å nemna er at spenningen ikkje går på rekning av dette, The Incredibles har nokon flotte høgdepunkt som aktiverer smilebandet, litt mør er han i botnen med dei godt skjulte drapa sine og fiendtleg destruktivitet.

The Incredibles 2004 plakat - Filmdagbok