The Internship

Film · 2013 · · 24. oktober 2013
3/5

The Internship er ein to timer lang reklamefilm og komedie. Reklamen er for Google, komedien er med Vince Vaughn og Owen Wilson. Regissøren er Shawn Levy, som har laga nok dårlege filmar til å få pes for det, men også eit par gode. The Internship er blant dei gode.

Kort oppsummert: Vince Vaughn og Owen Wilson blir turnuskandidatar hjå Google, og er dei einaste godt vaksne og teknologisk tilbakeståande der.

Eg har sansen for Vince Vaughn, Owen Wilson og også Will Ferrell som dukkar opp i ei mindre rolle. At The Internship verken leverer nytt, originalt, overraskande eller framtidig klassisk er greit. Filmen er morosam, har ein fin flyt og gjer ei god greie av å ha med Google. Skal det først handle om Google, så gjer det gjennomsyra, og det har filmen gjort.

Men forutan å bruke Google-kortet, så står det på om du har sansen for Vince Vaughn, Owen Wilson og korleis karakterane deira med sin sjarm og enkle livskunnskap kjem seg gjennom nokon små hindringar. Det når ikkje opp til den tidlegare film Wedding Crashers som duoen spelte i lag i, men er lett blant det beste av plankekøyrt studiekomedie.

The Internship 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Vince Vaughn (I)Owen Wilson (I)Rose ByrneVis alle

Sjanger

Land