The Invention of Lying (2009)

Film / 9. januar 2010
3/5

Ricky Gervais spelar ein fyr i ei verd der ingen lyg. Før han finn opp det å lyge, og gjer seg stor nytte av dette.

Som oppdagar av fiksjon får han suksess. Det er sjølvsagt med følger. For som me alle mistenker, så kan ikkje ein sopass hovudstraumsfilm som The Invention of Lying unngå å ta for seg konsekvensane.

Det er likevel svært så fornøyeleg å sjå på. Eg har sansen for Gervais i dette. Uttrykket hans når han først oppdagar ved et uhell at han kan lyge er gull.

Og heile saka med at folk heller ikkje har evne til å skjønne korleis, men likevel kan ane at han lyg, gir også filmen spenning.

The Invention of Lying 2009 plakat - Filmdagbok

Regi

Ricky Gervais, Matthew Robinson (VII)

Manus

Ricky Gervais, Matthew Robinson (VII)

Skodespelarar

Ricky Gervais, Jennifer Garner, Jonah Hill, Louis C.K., Jeffrey Tambor, Fionnula Flanagan, Rob Lowe, Tina Fey, Donna Sorbello, Stephanie March

Sjangrar

Komedie, Fantasi, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Invention of Lying

Forfattar