The Invisible

Film · 2007 · · 17. januar 2008
4/5

The Invisible er ei nyinnspeling av svenske Den Osynlige frå 2002, ein film eg for så vidt ikkje har sett og må avstå gleda ved å samanlikne med. Eg kan fortelja at det er ei god nyinnspeling, i form av det er ein god film, men definitivt ikkje for alle.

Nick (Justin Chatwin) er ein evnerik ung gut, han lev eit godt liv, er smart og har aldri gjort noko som folk kan hate han for. Problemet hans er at han er for snill og blir såleis styrt mykje rundt av andre, som mora. Men han gjer altså aldri noko vondt. Dei fleste han omgås med tar han heller for gitt, eit poeng filmen skal behandle då Nick ei natt blir borte, men er til stades som ein slags usynleg ånd rundt dei andre viktige karakterane i filmen utover.

The Invisible blir ein enten eller-film som følge av evna di til å akseptere dette overnaturlege fenomenet, der Nick får innblikk i det som skjer rundt seg, noko han ikkje var klar over før han blei borte, utan at folk veit han observerer dei og samtalane deira. Heng ikkje dette på greip er omtrent heile grunnlaget for filmen blitt borte for deg. Ei skikkeleg smakssak med andre ord, som eg slukte og sette pris på. Eg hoppar ikkje i taket for originalitet, sjølv om eg ikkje kan påstå å ha sette denne historia før, men mykje verkar likevel kjent. Dramaet og musikken fungerte sopass godt at eg koste meg med filmen. Folka som er med glei på plass i miljøet og da spesielt den rimeleg ferske Margarita Levieva gjorde inntrykk på meg.

I dei første minuttane etter forsvinninga til Nick var eg smått skeptisk til om dette var ein kopi av The Sixth Sense, noko den åndedelen i samandraget mitt også kan hinte til, utan at det er meininga, for filmen styrer godt unna dette og tanken forsvann like brått som den var komme. Med andre ord er eg rimeleg fornøgd med The Invisible, ein fin overnaturleg ungdomsfilm med dosar av sjølvrealisering og krim. Så lenge du ikkje forventar det meste så trur eg i grunn denne godt går an å sjå.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Invisible 2007 plakat - Filmdagbok