The IT Crowd

Serie · 2006–2013 · · 10. oktober 2013
4/5

Channel 4-situasjonskomedie om ein IT-stab på tre, deriblant ei dataukyndig kvinne, i eit britisk firma. Ingen genistrek, men slår likevel mange andre situasjonskomediar med god margin. Christopher Morris er nesten alltid artig og dukkar ofte opp i ei større gjesterolle her. Saman med nerdete datakyndige som aldri gjer noko fornuftig, blir The IT Crowd akkurat passe bra.

Vitsane er ikkje alltid originale, overraskingane føreseielege, men atmosfæren i kjellaren der IT-staben held til får meg til å tenke tilbake på korleis det var å sjå barne-tv, når barne-tv verten var seg i eit rom stappfullt av rot.

Fordelen med at The IT Crowd har halde seg til korte sesongar er at ideen ikkje blir uttømt.

Utover i serien stig kvaliteten, og allereie i andre sesong byr han på fleire flotte augneblinkar som overgår dei i første sesong. Blant anna ein parodi av skremselspropaganda mot piratkopiering, episodar med snakk om favorittdrikka til Moss som er White Russian, som han ikkje veit kva består av, og utpressinga av røykarane på arbeidsplassen.

Eg kan trygt si at The IT Crowd er ei anbefaling.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
The IT Crowd 2006-2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Chris O'Dowd (I)Richard AyoadeKatherine Parkinson (I)Vis alle

Sjanger