The Jazz Singer

Film · 1927 · · 28. april 2012
3/5

The Jazz Singer sin plass i filmhistoria er sentral, som den første spelefilmen med synkronisert lyd på snakking.

Filmen handlar om ein jødisk son som trassar tradisjonane til familien og sin religiøse far, og går etter draumen sin om å bli jazzmusikar.

Dette er ein heilt grei film med ei kurant historie og litt musikk her og der. Eg skal ikkje skryte på meg at eg blir den største fanen av dette, og såg mest filmen på grunn av heile greia med å vere den første lydfilmen.

Om musikal og eldre jazz er di greie, er nok kanskje ikkje The Jazz Singer så dum. Eg har meir sansen for jazz enn den typiske musikalen.

The Jazz Singer 1927 plakat - Filmdagbok