The Judge

Film · 2014 · · 13. april 2015
3/5

Ein suksessrik advokat frå storbyen kjem tilbake til den vesle heimstaden, når faren hans er mistenkt for drap.

Turen hans heim tar oss med på ei typisk gjenforeining av folk som har hatt ein grunn til å gradvis gli unna kvarandre.

Det er også ei etterforsking midt oppi alt dette, som gjer The Judge meir enn til tilbakekomsten til den fortapte sonen. Men det er nok dette personlege dramaet eg likar best. Som forholdet til advokaten til sin eigen familie frå storbyen, ulikskapane hans med faren og gjenforeininga med ei flamme frå ungdommen.

Stjernespekka med Robert Downey Jr., Robert Duvall og Vera Farmiga blant fleire. Og eg tykkjer også dette fungerer. Det er i blant ein kunst å bruke så kjente folk, men dei er dyktige, i lag med ein dyktig regissør, og lever seg inn i rollene sine på truverdig vis.

IMDb-logo
The Judge 2014 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Robert Downey Jr.Robert Duvall (I)Vera FarmigaVis alle

Sjangrar

Land