The julekalender

Serie · 1994 · · 18. november 2009
2/5

Det er meir enn ti år sidan eg så The julekalender, og det blir litt feil å skrive for mykje om opplevinga mi. Men eg hugsar noko, og har sett igjen ein episode eller to siden den gongen, og har eit nytt perspektiv på kva denne serien er ut frå det.

Først av alt så var dette ein gøyal og underhaldande serie når eg var eit barn. Med morosame karakterar, artig musikk som delvis var på norsk og engelsk, og komiske dialektar.

Men over ti år seinare har eg altså sett igjen litt av The julekalender, det vil si knapt. Dette held dessverre ikkje seg så godt, og var håplaust å sjå. Eg har nok fått eit anna blikk på kva som er ein god serie etter mange år med mange timar med HBO-seriar og andre godsaker. Men så er det også heile greia med at du som barn lar seg underhalda og opplever enkelte inntrykk som forsterka.

Eg kjem trygt til å halde meg borte frå denne serien i all framtid, og lar heller han stå igjen som eit godt minne.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
The julekalender 1994 plakat - Filmdagbok