The Karate Kid

Film · 1984 · · 10. august 2012
4/5

The Karate Kid er blant det ultimate innan sportsfilm med ungdommar frå 1980-talet. Eit ikon for samtida som oppnår å lykkast som film om eit utskot, som sport- og treningsfilm og ikkje minst med eit knallbra lydspor.

Det handlar om ein vaktmeister og kampsportmeister som går med på å trene opp ein ungdom som blir mobba. Samtidig som guten lærer å forsvare seg, lærer han også at kampsport handlar om meir enn å slåst.

Meisteren som går under namnet Miyagi var ikkje ein ny type karakter, men hadde eksistert ei god stund i asiatiske kampsportfilmar. Han er like fullt ein av dei mest minneverdige figurane av sin type, mykje på grunn av seinare The Karate Kid-filmar også.

Ralph Macchio spelar ungdommen og Elisabeth Shue er kjærleiksinteressa. Denne sneven av romantikk er ikkje spesielt viktig, men eit fint tilskot likevel til ein allereie oppløftande og positiv film.

The Karate Kid 1984 plakat - Filmdagbok