The Karate Kid

Film · 2010 · · 10. oktober 2010
3/5

The Karate Kid frå 2010 er eit greitt forsøk på å starte opp igjen ein legendarisk filmserie. I motsetning til 1994-forsøket The Next Karate Kid, er dette fullt ut med nye skodespelarar og nye karakterar.

Premissen er endå det same gamle, og passe likt det frå The Karate Kid frå 1984. Ein liten fjott, ein kampsportmeister, mobbing og diverse greier.

Filmen er god på treningsbiten og at dette handlar om oppkøyringa til ei turnering. Ideen om legge handlinga til Kina og la ungen (Jaden Smith) vere både eit mobbeoffer og utanlandsk, fungerer også fint. Jaden Smith i seg sjølv er eit dårleg val, som ikkje blir lett nok å like i denne filmen. Og det er viktig med tanke på situasjonen som karakteren hans er i.

Så totalen blir ein grei film, men ikkje ein som lev opp til å bli så god som 1984-filmen. Samanlikna med dei andre The Karate Kid-filmane er han derimot i det øvre sjiktet, då denne historia er betre enn det oppfølgjarhistoriene var.

The Karate Kid 2010 plakat - Filmdagbok