The Karate Kid Part II

Film · 1986 · · 4. desember 2009
3/5

I oppfølgjaren til The Karate Kid reiser Daniel (Ralph Macchio) og Miyagi (Pat Morita) til Japan for at Miyagi skal ta farvel med den døande faren sin.

Som den første filmen er denne òg regissert av den dugelege regissøren av sportsfilmar John G. Avildsen. Og som i den første filmen følger òg bråket etter Daniel. Eg skreiv oppløftande ord om The Karate Kid, men skal eg sjå meir på korleis filmane er bygd opp, så er det klart at Daniel er ei slags bølle han òg.

Ved sida av den personlege delen av filmen som er sentrert rundt familien og situasjonen til Miyagi, så er dette ein relativt rett fram film som òg handlar om ein kommande storkamp for Daniel.

Denne er ikkje på høgde med sin forgjengar, men med kjente karakterar og ei grei historie så er han innanfor å vera ein grei film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Karate Kid Part II 1986 plakat - Filmdagbok