The Karate Kid Part III

Film · 1989 · · 4. desember 2009
3/5

I den tredje The Karate Kid-filmen, som også er den siste med Ralph Macchio, er dei tilbake i USA etter Japan-turen frå The Karate Kid Part II.

Historikk frå den første filmen i form av ein hemngjerrig tidlegare motstandar og den gongen leiaren for Cobra Kai, er blant truslane i filmen. Cobra Kai var klubben som var hovudrivalen til Daniel og Miyagi i The Karate Kid. I tillegg er økonomiske problem sentralt.

Ralph Macchio er ikkje lenger eit barn, og sjølv om filmen er heilt grei, så er det ikkje så fengjande som før. Det er ikkje dei heilt store kampane heller. Filmen strevar litt med å gjere seg sjølv relevant. Litt som ein high school-serie er nøydd til å halde på karakteraren sine i ein samla gjeng, blir forholdet mellom Daniel og Miyagi eit filmatisk tvinga eit.

The Karate Kid Part III 1989 plakat - Filmdagbok