The Key to Reserva

Film · 2007 · · 31. januar 2010
4/5

The Key to Reserva er eit eksperiment frå Martin Scorsese. Det er eit slikt eksperiment som ein filmfrelst kan like å sjå. Det er ti minuttar med god film. Det er ein fullverdig thriller med mykje spenning.

Det opnar med at Martin Scorsese presenterer meininga med filmen. Han skal forsøke å lage ein film slik som Alfred Hitchcock ville ha laga det, om han var i live i dag. Manuset er eit innslag til programmet Alfred Hitchcock Presents som aldri blei filma.

Filmen er god, mykje på grunn av lengda og forsøket. Han er litt rar, men fascinerande nok.

IMDb-logo
The Key to Reserva 2007 plakat - Filmdagbok