The Kicks

Serie · 2015–2016 · · 27. september 2016
3/5

The Kicks er ein ungdomsserie om jentefotball frå Amazon. Bak serien står ein kjent amerikansk fotballspelar, Alex Morgan.

Det handlar om ei jente som nyleg har flytta til California, og byrjar å spele fotball på laget til skulen. Dei er notorisk dårlege, men ikkje av verste sort. Ein annan god spelar gjer at den nye jenta har noko å bygge på.

Laget deira møter på fleire utfordringar. Mens serien i seg sjølv ikkje er spesielt djup. Mest av alt verkar første sesong, ein relativt kort affære på ti episodar på rundt 25 minuttar, som ein enkel film med tanke på historia. Fordelen er sjølvsagt at ein serie kan bruke meir tid på å skape tredimensjonale karakterar.

Eg hadde ingen forventingar, då serien blei konsumert nærast på sparket etter å ha lege øvst på Amazon. Men det er ein hyggeleg liten affære, og det er ofte kjekt å sjå korleis talent blir satsa på, ein innsats blir gjort, og personane som haustar resultat av innsatsen sin. Difor er The Kicks ein oppløftande serie.

IMDb-logo
TV Time-logo
The Kicks 2015-2016 plakat - Filmdagbok