The Killing

Film · 1956 · · 2. februar 2008
4/5

Kvar film av Stanley Kubrick byr på noko nytt mot resten, enten det er sjanger eller kompleksiteten til den fortalte historia.

The Killing er ein ransfilm, som vil sei at det handlar om eit ran, nøye planlagt og detaljert forklart. Han tar for seg dei menneskelege sidene ved planen med omhug. Ingen plan er perfekt då folk kan vere uføreseielege, men ein god plan er fleksibel nok til å kunne hanskast med enkelte feilgrep.

The Killing er ganske rett fram fortalt og byr ikkje på avstikkarar, fokuset og den kompakte forteljinga gjer at dette fungerer og er spennande nok når det varer.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Killing 1956 plakat - Filmdagbok