The Kings of Summer

Film · 2013 · · 30. oktober 2013
4/5

The Kings of Summer er alt det som det var lov å håpe han skulle bli. Ein film som fangar sommaren, ungdommen og alvoret.

Det er dramatisk, men det fungerer. Det er morosamt, men ikkje overdrive. Og det er mykje takka vera at filmen byggjer på gjenkjennelege idear frå min eigen ungdom.

Det meste er på plass. Karakterane, miljøet, måten det er filma på, bruken av musikk. Biaggio er ein utruleg morosam karakter. Huset i skogen er eit steinkast unna sivilisasjonen, men blir fanga på film som eit fjernt eventyrland som passar karakterane sitt ønske om kor dei vil vere. Problema dei har med foreldra sine er små bagatellar, men betyr alt i deira alder.

The Kings of Summer fangar alt på rett vis, og blir verken pretensiøs, ironisk eller for stor på sjølvinnsikt undervegs. Handlinga engasjerer på enkelt vis, og dommen er utelukkande positiv.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Kings of Summer 2013 plakat - Filmdagbok