The Knight Before Christmas

Film / 2019
2/5

Julefilmane som blir laga til Netflix er ein del forskjellig. Medan julefilmane som blir laga til Hallmark ofte er likare kvarandre. The Knight Before Christmas er ein julefilm for Netflix som liknar på ein for Hallmark.

Her kan du krysse av på lista for klisje etter klisje. Det er falsk snø. Det er mykje julepynt. Filmen har magiske innslag. Den eine sentrale rolla blir spelt av ein talentlaus skodespelar og modelliknande fyr. Alle er godt sminka. Sjølv om det er mykje julepynt, skal det pyntast meir. Filmen er ein romantisk komedie. Vanessa Hudgens i hovudrolla har spelt i minst ein julefilm tidlegare.

The Knight Before Christmas er akkurat det eg forventa når eg såg plakaten og las om kva han skulle handle om. På grunn av det svara filmen til forventingane mine, og eg blei ikkje skuffa. Det er i samanlikning med andre julefilmar eg vel å rangere han på nedre del av skalaen.

Det er ein trygg og enkel film å sjå, om du har sansen for julefilmar og har tilgong til Netflix. Og om du berre vil sjå ein julefilm utan meir styr. Blant julefilmar generelt og blant dei nye på Netflix i år, så kjem han eit stykke ned på lista.

Filmen er for meg som interessert i slike filmar, artig fordi han er så typisk at det blir humoristisk.

The Knight Before Christmas 2019 plakat - Filmdagbok