The Lake House

Film · 2006 · · 23. oktober 2006
4/5

Absolutt nydeleg. Likevel om dette ikkje er anna enn eit kjærleiksdrama med ei interessant tidsforskyving, så er det ein kjempefin film som verkeleg fekk fram kjenslene.

Er du ikkje glad i Keanu Reeves eller Sandra Bullock, noko eg veit enkelte folk er, kan det øydelegga filmen. Men for meg var dette topp. Ein kjærleiksfilm som gav meg ei skikkeleg god kjensle. Sandra Bullock verkar ung og søt her.

Nokon kritikarar set peikefingeren på manglande logikk på eit eller fleire punkt i filmen, men legg du merke til detaljar heile vegen blir det ingen brå endring på nokon måte, og med ei så rørande og likevel pinefull god historie burde du kunne oversjå slike ting.

Å sette seg ned å sjå ein film utan å ha forventingar, og bli så positivt overraska allereie etter ti minuttar er ikkje ofte at skjer her. Det blir ei anbefaling frå meg.

IMDb-logo
The Lake House 2006 plakat - Filmdagbok