The Last Days of Disco

Film · 1998 · · 16. april 2012
4/5

The Last Days of Disco er den tredje filmen til Whit Stillman, og den siste på fjorten år inntil Damsels in Distress kom i 2012.

I The Last Days of Disco møter me Alice (Chloë Sevigny) og Charlotte (Kate Beckinsale) som jobbar i bokbransjen på dagtid og går på discoklubbar på kveldstid. Tidsperioden for filmen er tidleg på 1980-talet. Disco er framleis stort, og for Alice, Charlotte og vennene deira er musikken og kulturen meir enn berre John Travolta og Saturday Night Fever.

Med The Last Days of Disco har Whit Stillman fått litt fleire stjerner på plakaten, men held fast på ein forteljarstil prega av dialog. Det er levestilen og kulturen som står i sentrum også i denne filmen. Karakterane snakkar og plukkar samtaleemne frå kvarandre for analyse.

Då det er nattelivet som står på plakaten i filmen verkar The Last Days of Disco meir livleg enn forgjengarane til Whit Stillman. Men om tempo, tid til å gå i djupna og utforske sidene ved filmen, så er dette framleis i same ånd som tidlegare Whit Stillman. Alt dette får meg til å like filmen, trass i at disco ikkje er greie mi.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Last Days of Disco 1998 plakat - Filmdagbok