The Last Emperor

Film · 1987 · · 11. august 2014
2/5

The Last Emperor handlar om livet til den siste kinesiske keisaren. Puyi var keisar frå 1908 til 1924, men var berre rekna som regjerande mellom 1908–1912. Puyi levde mellom 1906–1967.

Filmen fortel om det verna livet hans i starten, kjærleikslivet hans og tida under diverse revolusjonar i Kina, samt samarbeid med Japan. Strukturen til filmen er kronologisk og lett å følge, då filmen greitt hoppar vidare frå det eine interessante som skjer til det neste.

Akilleshælen til filmen er skodespelarane. Og då meiner eg omtrent alle og alt som har med dei å gjere. At dei snakkar engelsk er eit lovleg kunstnarisk grep, men den dårlege engelsken som alle snakkar gjer at dei framstår som ein gjeng med tilbakeståande som ikkje klarar å snakke sitt eige språk. Dette er eit stor problem som eg aldri kjem over, og som hindra The Last Emperor i å bli ein god film.

Det andre vesentlege problemet er nok delvis knytt til engelsken og er samspelet mellom dei sentrale karakterane. Det er ingen spenning her, alt er rett fram og kjenslelaust nok til å bli kjedeleg.

Det filmen er god for er å gi eit slags overblikk over livet til Puyi i bilde. Utan bilde kan det godt vere Wikipedia hadde gjort ein betre jobb, men då hadde eg gått glipp av forsøket til filmen på å bruke kjensler til å forsterke innhaldet. For filmen prøvde faktisk, men det hjelp ikkje når det ikkje går.

The Last Emperor 1987 plakat - Filmdagbok