The Last King of Scotland

Film · 2006 · · 3. februar 2007
4/5

Den etterlengta filmen om den nyutdanna legen og skotske Nicholas Garrigan (James McAvoy) sin søken etter eventyr, som endar opp som personlege lege og rådgivar til ein av dei mest grufulle diktatorane verda har sett siste halve hundreåret, skuffar litt.

Forest Whitaker har fått mykje skryt for rolla som Idi Amin, og eg kan ikkje anna enn å føye meg inn i rekka. Mannen har spelt i gode filmar før, men eg har aldri sett han gjere ei så sterk rolle. Han er og han som trekk The Last King of Scotland opp. For å følge Garrigan, som ikkje har det ekstra som gjer han til ein interessant karakter, endar opp med å bli ein gjennomsnittleg affære. Og når det er dette som er grunnlaget for filmen, så er det opplagt at det speglar av på filmopplevinga.

I fare for å få folk på nakken vil eg påstå at denne filmen ikkje er anna enn eit forsøk på å innhente ein Oscar, ved å bruke ei velkjent oppskrift som omhandlar ei grufull hending i Afrika. Det har fungert før, men eg saknar det vesle som får meg skikkeleg oppgitt og engasjert over det som skjer her.

No blei det mykje negativt her, og eg skulle nok lagt meir vekt på det positive, ettersom eg i stor grad tykte at filmen var over middels. Men etter å ha skrive dette er eg ikkje sikker lengre på kva eg eigentleg synst om filmen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Last King of Scotland 2006 plakat - Filmdagbok