The Last Kiss

Film · 2006 · · 12. desember 2006
4/5

Heilt sidan eg først høyrte om denne filmen har eg gledd meg som eit barn til å få sett han. Zach Braff, mannen bak Garden State viste seg å skulle gjere den første filmrolla sidan nettopp den filmen, og det er over to år sidan.

Og likevel om Zach Braff kanskje var hovudårsaka til at interessa blei vekka, så hjelpte det godt på at eit namn som Rachel Bilson også dukka opp. Og for ikkje å gi seg der, Zach Braff hadde fått jobben til å sette saman lydsporet.

Det som slår meg no i ettertid er at dette ikkje var den filmen eg hadde forventa. Dei som har sett både Garden State og serien Scrubs der Zach Braff er med, har nok lagt merke til det litt avslappa forholdet han har til kamera. Eit trekk som han tar med seg vidare til denne filmen, men som ikkje stopper der. Her viser han kjensler, og det er nesten sårt å sjå på, på ein god måte. Måten alle figurane i dette dramaet oppfører seg på tyder på eit velskrive manus og ein god regijobb, men også gode skodespelarar.

Velfungerande på så mange plan, dette er det beste dramaet av den romantiske typen eg har sett på lenge. I fare for å overdrive, alt forsvann rundt meg og filmen er verkeleg fengslande. Småtteri som ekteskapsproblem mellom Anna (Blythe Danner) og Stephen (Tom Wilkinson), som ikkje verka nødvendig her, blir ikkje noko problem.

The Last Kiss 2006 plakat - Filmdagbok