The Last of the Mohicans

Film · 1992 · · 2. juni 2016
2/5

The Last of the Mohicans er ein av dei sentrale 1990-talsfilmane som det aldri har slått meg å sjå før nå. Basert på ei kjent bok og med Daniel Day-Lewis i hovudrolla. Dette er ein film om krig og indianarar.

Filmen har nokon gode stunder her og der, som både er effektfulle og gir spenning. Produksjonen er god, filmen ser bra ut, og alt er vel på dette vis. Kanskje han er litt mørk og forvirrande på grunn av det, men det går greitt.

Ulempa her er at The Last of the Mohicans er ein dryg og kjedeleg film, som ikkje evnar å få meg involvert i nokon av skjebnane til karakterane. Det resulterer i at historia blir stadige hopp, utan at eg bryr meg om kva som skjer eller kven som dør. Eit fint ytre, eit tomt indre.

Eg kunne ha gått meir i djupna på kven og kvifor, men var i grunn ferdig med filmen i det rulleteksten kom. Han oppnår ikkje å bli den episke historieforteljinga som lengda, musikken, miljøet og historikken legg opp til.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Last of the Mohicans 1992 plakat - Filmdagbok