The Last Song (2010)

Film / 25. juli 2015
3/5

Ei ung og rebelsk jente skal i lag med broren bu hjå faren. Dei reiser frå New York til en sørlegare og mindre by ved kysten. Nicholas Sparks favorittplassering for bøkene hans ser det ut til, og dette er ein adapsjon av en av hans bøker.

Dette er sommaren da jenta, Ronnie, blir vaksen. Kjærleik og sjukdom legg føringane for dramatikken. Ein lokal gut (Liam Hemsworth) ser forbi den påtatte og falske personlegdommen Ronnie har, og ting utviklar seg frå det. Så blir ein sjukdom til en kjær person avslørt, og ting utviklar seg frå det.

I hovudrolla er en 18 år gammal Miley Cyrus. Det er heilt greitt. Greg Kinnear spelar faren hennar, og har en godt skrive rolle for seg. Ingenting å sei på han heller.

Dette er et typisk melodrama, slik som Nicholas Sparks-historiene er kjent for. Det osar altså ikkje av originalitet, men det er ei fin blanding av fleire trådar som gjer det omfattande nok til å bli ein god film. Dette er også ein type film og sjanger der eg set pris på kjente skodespelarar. Det tilfører ei form for profesjonalitet til noko som lett kunne ha blitt til en laber tv-film, om ikkje dei rette grepa var gjort. Men eg synst altså dei rette grepa er på plass, og totalen blir god.

The Last Song er ikkje den filmen som går nærast innpå meg, til det sit ikkje alt som støypt. Det er sjukdommen som er den sterkaste biten av historia, mens kjærleikshistoria her manglar det gripande elementet. Kjemien er ikkje helt den store heller.

Eg har fått sansen for romantiske filmar som føregår på idylliske småstader, og filmar basert på bøker av Nicholas Sparks ser eg glatt. Denne er grei nok, men hamnar nok nedst på lista blant desse filmane førebels.

The Last Song 2010 plakat - Filmdagbok

Regi

Julie Anne Robinson

Manus

Jeff Van Wie, Nicholas Sparks (I)

Skodespelarar

Miley Cyrus, Greg Kinnear, Bobby Coleman, Liam Hemsworth, Hallock Beals, Kelly Preston, Nick Lashaway, Carly Chaikin, Kate Vernon, Nick Searcy

Sjangrar

Drama, Musikk, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Last Song

Forfattar