The Last Starfighter

Film · 1984 · · 1. august 2013
3/5

Alex Rogan (Lance Guest) er ein ungdom i ein trailerpark som er oppslukt av arcade-spelet Starfighter. Han er også oppslukt av å ein dag kome seg vekk derifrå, for å bli noko.

Dagen kjem da Alex slår rekorden i spelet, og blir rekruttert av utanomjordiske til å delta i ein intergalaktisk krig.

The Last Starfighter kom i 1984, og har etter tida å dømme mange og flotte dataanimasjonar. Dei er på langt nær realistiske, sjølv om dei blir brukt som supplement til kulissene. Kreative romvesen som er folk i masker er også imponerande, om heller ikkje realistiske. Men realisme på film er relativt. The Last Starfighter er på sitt vis fantastisk og spennande, men treng ikkje skjule at det er ein film.

Små irritasjonsmoment og eit skuffande klimaks trekk ned den totale opplevinga. Lengda på filmen er perfekt, men måten helten går til verks mot fienden på og løyser ei krise er for enkel og rask, og svarer ikkje til trusselen me fekk presentert.

Sjarmen til The Last Starfighter var i den korte vegen frå arcade-spel til science fiction. Det var ikkje noko behov å forklare. Dette går gjerne igjen i fantasiprega 1980-talsfilmar. Det er greitt at det er enkelt og tilfeldig.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Last Starfighter 1984 plakat - Filmdagbok