The Last Waltz

Film · 1978 · · 3. mars 2007
4/5

Martin Scorsese har regissert denne konsertdokumentaren som bygg på The Band sin siste konsert. Og det er ikkje ein kva som helst slags konsert, med seg har dei fått songarar dei har spelt for gjennom dei 16 åra dei turnerte. Bob Dylan, Neil Young, Neil Diamond og Eric Clapton er noko av desse.

Musikken ligg nok utanfor mitt vanlege felt, men eg likte dette godt. Det gav ei god stemning, og intervjua mellom songnummera er prega av ein lett og ledig tone som passar personlegdommane til musikarane bra. Så god synst eg konserten var at eg kjøpte mitt første album med The Band etterpå.

The Last Waltz 1978 plakat - Filmdagbok