The Laundromat

I The Laundromat forvillar karakteren til Meryl Streep seg inn i ei uoversiktleg verd med fråseing av ansvar og kompliserte økonomiske relasjonar. Filmen går inn for å verte ein humoristisk inngang til Panama Papers som kom i 2016.

Filmens forteljarar er Gary Oldman og Antonio Banderas. Dei spelar advokatar i Panama som eig eit firma som står bak mange skalselskap. I løpet av filmen nærmar dei to ytterpunkta som jarakteren spelt av Meryl Streep og advokatane seg. Undervegs får me nokre innskotne korte historiar om andre som er ramma eller involvert.

Med ei vektlegging av forklarande forteljarteknikk tek The Laundromat oss med på ei opplærande reise på ein og ein halv time. Stilen er smått gjenkjenneleg frå andre økonomisk forklarande filmar som The Big Short og The Wolf of Wall Street. Men enten så lykkast ikkje The Laundromat i å framstå som smart, eller så er det aldri poenget. Han er heller ikkje så kritiserande av seg. Utover å vere ei lett innføring i Panama Papers, og ein kurant komedie, så vil eg ikkje tillegge filmen noko større rolle.

The Laundromat 2019 plakat - Filmdagbok

Publisert

7. mars 2020 av

Merkelapp

Netflix

Regissør

Steven Soderbergh

Manusforfattarar

Jake Bernstein, Scott Z. Burns

Skodespelarar

Gary Oldman, Antonio Banderas, AJ Meijer, Arsenio Castellanos, Lucy Morningstar, Meryl Streep, James Cromwell (I), Jeff Michalski, Jane Morris (I), Robert Patrick (I)Vis alle 131 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Krim, Drama, Historie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Laundromat