The League

Serie
2009–2015
3/5

The League er ein serie om ein vaksen vennegjeng som er med i same fantasiliga for amerikansk fotball. Gjennom sine sju sesongar er serien innom mange rare historier, men klarer alltid å sentrere det rundt eller komme tilbake om fantasiligaen.

Det er ein dryg, barnslig, litt rølpete og morosam serie, som er klart best i sine første sesongar. Men som mistar noko av gnisten etter det. Ein viss kvalitet og underhaldningsfaktor blir likevel halde vidare. Også i siste sesong blir det levert så mange gode vitsar at serien overgår mykje anna som har gått i så mange år. Det er berre sånn at det aldri er i nærleiken av dei beste komiseriane.

At ein serie ikkje held stand så lenge merker eg hovudsakleg i seriar som har ein god ide, men ikkje godt nok apparat til å skrive gode vitsar i lengda. Rølpete humor som i The League, men også i Broad City og Workaholics, er interessant berre er kortare periode. Eventuelt er det meir overraskande enn humoristisk, og det skal litt til å overraske med same verkemiddel over lengre tid. Andre komiseriar som bommar er dei som støtter seg vel mykje på romantikk, og når denne delen er utvatna mistar eg interessa. Dette gjeld då ikkje The League, som handlar lite om romantikk, men noko om forhold.

Likar du litt røff humor og har tid til overs, kan eg anbefale byrjinga av The League. Serien har korte sesongar, og tar ikkje lang tid å fullføre, men eg kan ikkje med handa på hjarte anbefale heile serien likevel.

The League 2009-2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

29. august 2016 av

Skaparar

Jackie Marcus Schaffer, Jeff Schaffer

Skodespelarar

Mark Duplass, Jonathan Lajoie (I), Nick Kroll, Stephen Rannazzisi, Paul Scheer (I), Katie Aselton, Jason Mantzoukas, Alina Foley, Nadine Velazquez, Janina GavankarVis alle 504 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The League