The Lego Movie

Film · 2014 · · 29. mai 2014
3/5

Animasjonsfilmen The Lego Movie er ein unekteleg visuelt attraktiv sak, som imponerer heile vegen med sitt detaljerte og fantasifulle ytre.

Eg lar meg stort sett underhalda og more av det meste her, men blei ikkje helt fengsla. Det er to enkle grunnar til det, historia er tynn og mange av stemmene er sopass kjente at dei drar meg ut av fantasien filmen skal vere.

Dette er nok for meg til å redusere vurderinga av filmen frå god til ikkje fullt så god, men er ikkje nødvendigvis utslagsgivande for andre som ser han.

Fordi filmen elles ser så bra ut og er fullpakka med varierte inntrykk, er det ein vanskeleg film å rangere til slutt, då han fell mellom to stolar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Lego Movie 2014 plakat - Filmdagbok