The Life Aquatic with Steve Zissou

Film · 2004 · · 19. oktober 2007
4/5

Tredje gongen er gongen til lykka. Eg har sett The Life Aquatic with Steve Zissou to gonger før, eller ein og ein halv viss eg trekk i frå tida eg sov under første vising. Problemet var, har eg funne ut, atmosfæren eg så filmen i, med folk som The Life Aquatic with Steve Zissou absolutt ikkje er laga for. For denne gongen fall Wes Anderson sitt undersjøiske eventyr i smak. Men eg vil ikkje påstå at dette er perfekt.

Bill Murray trår inn i rolla som ein mann i tråd med dei han har spelt i Wes Anderson sine tidlegare filmar, smart og litt usikker på ei side, som treng merksemd og respekt på ei anna side. Mannen, Steve Zissou, lager dokumentarfilmar, for tida om sjøliv.

Wes Anderson har sansen for detaljar, kameraføring, vittig dialog, rike rollefigurar og smårare forteljingar. Problemet med The Life Aquatic with Steve Zissou er at alt dette blir så framståande at det går på rekning av framdrifta i filmen. Ei stund blir eg sittande å la meg imponere av detaljane og bilde, før eg oppdagar at det er svært lite som skjer. Ikkje før filmen nærar seg slutten tykkjer eg at han går innpå meg, når Bill Murray gjer meir enn å sjå morosam ut, når dramatikken klarar å komme forbi lag på lag med dekkande raritetar.

Hadde filmen klart å vise slike sider av seg oftare hadde han komme skummelt nær perfekt for meg. For på slutten blir alt gjort rett, og eg nærast sprekk av beundring for måten alt er sett saman på.

The Life Aquatic with Steve Zissou 2004 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Bill Murray (I)Owen Wilson (I)Cate BlanchettVis alle

Sjangrar

Land