The Lifeguard

Film · 2013 · · 5. august 2013
3/5

Kristen Bell spelar den snart 30 år gamle Leigh, ei kvinne som flytter frå New York tilbake til barndomsheimen i Connecticut. Årsaka er vag, men ugjensidig kjærleik og ein lettare depresjon spelar inn.

Leigh har følgt norma for eit fornuftig livsløp så langt. Mønsterelev på high school, collegeutdanning og ein god jobb. Men då ho møter veggen med eit par for mange tøffe episodar blir det klart at ho eigentleg er usikker på kva ho vil.

The Lifeguard går ikkje så nære innpå historikken til Leigh, men gir oss små innblikk gjennom filmen. Det blir gitt opning for å spekulere i grunnen til samanbrotet, om eg kan kalle det for det, men aldri spesifisert.

Humoren i filmen går mest på den tilbakevendande ungdommen som Leigh og vennene opplever, som følge av vennskap med dei cirka 14 år yngre high school-elevane dei møter. Dramaet er i hovudsak ei slags tidleg midtlivskrise, ein moderne variant av ei krise blant menneske som materielt sett har det godt, men ikkje har sine eigne mål. Det er både ein oppvekstfilm og ein bli vaksen-film, om det gir meining.

The Lifeguard er god, men aldri eksepsjonell. Filmen er godt oppbygd, har gode karakterar og skodespelarar. Det er nok av humor og både seriøst og nesten rørande drama. Men verken brølande latter eller tårer. Det vesle ekstra manglar. Det er for lett løyst innimellom, enten ikkje truverdig eller for risikabelt nok. Mangel på nyskaping kjem til overflata når verken enkeltdeler eller heilskap er eksepsjonell.

Så er The Lifeguard verdt å sjå? Om du er som meg og følger Kristen Bell, så er det grunn til å sjå The Lifeguard. Eller om du er interessert i filmar som handlar om å flytte heim. Men utover dette er The Lifeguard ein gjennomsnittleg film å gløyme fort.

The Lifeguard 2013 plakat - Filmdagbok