The Lincoln Lawyer

Film · 2011 · · 14. juli 2011
4/5

Etter fleire kjipe filmar har eg ikkje det beste forholdet til Matthew McConaughey. Men litt trua har eg etter We Are Marshall og ein god porsjon nysgjerrigheit som følger av godorda som The Lincoln Lawyer har hausta. Dette gjorde at eg valde det rette og såg filmen.

I The Lincoln Lawyer møter me advokat Mick Haller (Matthew McConaughey), ein munnrapp, smart og kreativ advokat med stort hjarte. Han får tildelt ei sak, som knyter seg til ei anna sak, møter folk som er involvert på kvar sin måte, og så er det nokon problem som må løysast. Ingen vits å gå i detalj her.

For å gå rett på sak, det flotte med The Lincoln Lawyer, forutan ei rolle som er skreddarsydd Matthew McConaughey, er korleis me som publikum får servert ei passe smart historie som filmskaparen veit akkurat korleis dei skal utfalde over tid. Her er det ingenting som er påtatt innvikla, får oss til å vere den dumme sjåaren eller blir lagt opp som altfor opplagt. I tillegg har filmen ein gjennomarbeidd stil. Miljøet og det visuelle grepet passar godt i lag. Og ikkje minst er dialogane i denne taledrivne filmen stort sett velformulerte og interessante.

Med tanke på historia ser eg ikkje på dette som ein utan vidare fantastisk eller nyskapande film, men han er godt gjennomført.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Lincoln Lawyer 2011 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land