The Lion King

Film · 1994 · · 7. mars 2007
3/5

The Lion King er ein god film. 1990-talet var sett i ettertid eit godt tiår for teiknefilmar frå Disney, og The Lion King var blant det beste. Men det var ikkje min favoritt.

Det er ein rik film, som eg strengt tatt burde sjå igjen før eg skriv om han. Det er trass i alt nokon år sidan eg har sett han. Men det er så mykje av historia og inntrykket som eg hugsar. Og som oftast så endrar eg ikkje mykje meining om ein film frå visning til visning. Det finst unntak.

Det som er inntrykket mitt av The Lion King er at me blir tatt med på ei lang og omfattande reise, som skal vere krevjande på alle måtar. Men eg fekk aldri den store opplevinga ut av det. Noko her trekk mot at sånn og sånn skal det skje, og desse er motstandarane undervegs, og alt løyser seg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Lion King 1994 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land