The Lion King

Film / 2019
4/5

Nokon gonger er nyinnspelingar av filmar unødvendige. Men med denne typen animasjonsfilmar ser eg poenget med at ei nyinnspelinga vil kunne gjere at historia blir tilgjengeleg på nytt for eit nytt publikum.

Eg likte The Lion King veldig godt. Det er ein skjønn film, som det verkar som at det er lagt store mengder arbeid i. Ta fjellstrukturen, den var fantastisk og veldig realistisk. Eg har høyrt nokon som har trudd at dyra var ekte dyr, men eg veit ikkje om dei meinte det.

Historia er upåklageleg. Det er rørande, fint, med stort sett god musikk og fine stunder. Populærmusikken kunne ha blitt latt vere, men resten av filmmusikken er god.

The Lion King 2019 plakat - Filmdagbok