The Lion, the Witch, & the Wardrobe

Serie · 1988 · · 28. januar 2008
2/5

For 20 år sidan laga BBC ein serie basert på bøkene av C.S. Lewis om The Chronicles of Narnia. Sjølv hugsar eg at denne blei sendt opptil fleire gonger på NRK i samband med jule- og påskeferie. Som regel på morgonen. Over åra forandrar måten du ser ting på seg, så det å gjenoppleve ein serie med tilknytte barndomsminner er ein uføreseieleg affære.

Av det eg må ha fått med meg for minst ti år sidan, var det berre brotstykke eg hugsa og mykje hadde blanda seg og skapt eit ukorrekt minne. Av det mest interessante var nok tinga eg kjente igjen ved gjensynet med første sesong, basert på boka The Lion, the Witch and the Wardrobe. Eg hugsar at serien gjorde seg nytte av teite teikneserieanimasjonar, at Lucy var personen eg likte minst, at dyra som stort sett var menneske iført kostyme var så som så. Men likevel var ikkje dette så viktig, for serien var fantastisk spennande å følge med på. Eventyrverda i klesskåpet fenga og eg hadde alltid lyst til å reise dit. Og eg ville ikkje på skitur før eg hadde fått sett episoden ein dag.

At The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe lid under ein så som så produksjon kom difor ikkje som den største overraskinga. Omtrent all magi i form av det auge ser er ikkje-eksisterande, her kjem mitt nylege møte med boka inn i bilde. Før jul bestemte eg meg for å sette meg inn i The Chronicles of Narnia på nytt, ved å lese bøkene i kronologisk rekkefølge. Altså The Magician's Nephew før The Lion, the Witch, & the Wardrobe. Eg kom aldri lengre enn desse to bøkene, då dei ikkje var noko å rope hurra for desse heller. Men bilde eg danna meg mens eg las dei hjelpte meg godt på veg når det kom til serien, nok til at eg greit klarte å fullføre.

Bilde eg har skapte meg av The Chronicles of Narnia som barn har sidan møte med filminnspelinga The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe av The Lion, the Witch, & the Wardrobe i 2005 gått meir eller mindre oppløysing. Verken bøker eller serie byr på den store opplevinga. Konklusjonen min er at The Chronicles of Narnia er noko som skulle ha vorte verande eit godt minne og aldri opplevd på nytt.

Som barn er det lettare å leve seg inn i denne magiske verda. Du overser dei kristne innverknadane og har lettare med å godta handlinga. Som vaksen er det simpelt, opplagt og til tider usmakeleg. The Chronicles of Narnia byr ikkje på dei store utfordringane lengre. Så sjølv om serien er flink til å følge handlinga frå boka blir det i beste fall midt på treet. Prosjektet mitt om å sette meg inn i bøkene og serien er for så vidt avslutta etter dette.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
The Lion, the Witch, & the Wardrobe 1988 plakat - Filmdagbok