The Little Mermaid

Film · 2018 · · 12. januar 2019
2/5

Opphavet til The Little Mermaid er eg usikker på det. Filmen har blitt distribuert av Netflix og mange andre, og det heile verkar som ein rett på video-film, viss passande omgrep for 2019 eg er usikker på. Men saka er at filmen er prega av at lista ikkje er lagt for høgt i produksjonen.

Historia er kjent for alle som har sett Disney sin versjon av The Little Mermaid, og er i likskap med han ein adapsjon av historia til Hans Christian Andersen. Filmen er til skilnad frå Disney sin, ein spelefilm og ikkje ein animasjonsfilm.

I introduksjonen blir me fortalt ei historie om ein havfrue som har gitt sjela si til ein vond trollmann. Dette var prisen for å få bein, til å kunne kome seg på land. På land var drøymeprinsen hennar, men som ho aldri enda opp med å få.

The Little Mermaid held fram med å fortelje om korleis ei lita jente og hennar vaksne bror møter havfrua på eit sirkus.

Det fine med denne filmen er at det er ei god historie i botn. Og filmen er på god veg til å fortelje det på ein bra måte. Men det når ikkje opp. Produksjonen er prega av mange snarvegar, både visuelt og i bruk av skodespelarar. Sjølv om hovudrolleinnehavaren, William Moseley, skal seiast å gjere ein god jobb.

Det mangefulle handverket i filmen går ut over opplevinga. Eg får aldri ei god kjensle av filmen, men blir stadig meir overbevist om at potensiale ikkje blir nådd etter kvart som speletida går.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Little Mermaid 2018 plakat - Filmdagbok