The Little Shop of Horrors

The Little Shop of Horrors er ein kort film på vel 70 minuttar. Han er regissert av Roger Corman, som er kjent for sine mange B-filmar. Og sjølv om denne filmen er fornøyeleg, så må han reknast som ein av desse B-filmane.

Det handlar om ein liten blomsterbutikk i eit dårleg nabolag, som ikkje går så bra. Ein kunde som kjem innom ein dag anbefalar dei å få inn ein blomst som kan vere trekkplaster for nye kundar. Og tilfeldigvis har eine medarbeidaren ein blomst heime som kan vere dette.

Men så viser det seg at blomsteren vil ha menneskekjøt for å vekse.

For å ta det tekniske først. Dette er ein film med få folk og få lokasjonar. Det er som å sjå ein episode av ein gammal serie. Skodespelarane er ikkje så aller verst, deira spelestil passar godt til tonen til resten av filmen. Det er lett og ledig, og ofte humoristisk.

Handlinga er ganske så rett fram. Og etter kvart blir eg litt lei, fordi filmen gjentar dei same vitsane og handlinga er føreseieleg. På slutten slit eg med å halde interessa, men tenker at det er fint å fullføre ein film som innleiingsvis var ein artig sak.

The Little Shop of Horrors 1960 plakat - Filmdagbok