The Living Daylights

Film · 1987 · · 24. januar 2015
3/5

Timothy Dalton som James Bond har eg sansen for. Etter å ha fått nok av den litt slappe og nonchalante stilen til Roger Moore, er stilen til Timothy Dalton og filmane han er i meir actionprega og frekk.

The Living Daylights er altså ein mellomting mellom det lett humoristiske og det meir alvorlege. Ei akkurat passe mengde av begge deler, til både å framstå som passe James Bond-aktig og vere ein kurant actionfilm.

Dette er både på linje med tidleg Pierce Brosnan-James Bond i GoldenEye, og tidleg Daniel Craig-James Bond i Casino Royale. Den same friske framtoninga.

Med tanke på handlinga er det lite nytt å skrive om. Dette er ei typisk blanding av historie som går verda rundt. I sentrum er nok greier med Sovjetunionen, og det passar i grunn greitt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Living Daylights 1987 plakat - Filmdagbok

Sjangrar