The Locket

Ein ung mann (Chad Willett) mistar mor si etter langvarig sjukdom, og bestemmer seg for å byrje å jobbe på ein alders- og sjukeheim for å nytte det han har lært når han pleia mora. Iallfall inntil han byrjar å studere.

På aldersheimen knyt han eit nært vennskap til ei av dei eldre kvinnene. På privaten har han litt problem med faren til kjærasten og dermed forholdet til kjærasten. Og etter kvart utviklar det seg ein situasjon på aldersheimen som truar framtida til den unge mannen.

The Locket er delvis ei tynn suppe, men bidrar også med gode augneblinkar og gripande emosjonelle stunder. Nok til å heve filmen opp til eit greit nivå. Dette er ein film som i det store og heile manglar den beste raude trådane. Det handlar på sett og vis om ein litt uinteressant karakter, og motgangen han møter er høgdepunktet til filmen, men oppbygginga frå starten av er ikkje med på å gjere filmen som total til ein solid samanheng.

Det var ikkje forventinga eg hadde til denne Hallmark-filmen, men i ettertid ser eg at dette kunne ha gjort at dei suppete delene hadde vore mindre utprega.

The Locket 2002 plakat - Filmdagbok