The Longest Ride

To forhold på tvers av tid. Eit i vår tid, eit på 1940-talet. Med sine utfordringar, men kjærleiken som det sterke bindeleddet. Dette er temaet for The Longest Ride, ein adapsjon av romanen til Nicholas Sparks.

Sophia (Britt Robertson) er nær uteksaminert frå sitt college i North Carolina, og skal flytte til New York etterpå. Men då ho møter Luke (Scott Eastwood), ein profesjonell bull rider, gir ho det å bli med kjent med han ein sjanse.

På veg heim frå første stemnemøte reddar dei ein eldre mann, Ira (Alan Alda), ut i frå ein krasja bil. Sophia blir i ettertid kjent med Ira, og får eit innblikk i livshistoria hans og forholdet til den største kjærleiken han hadde i livet.

Felles for dei to fortalte kjærleikshistoriene er det at dei begge møter motgang, og krev mykje for å fungere til slutt. Ira kallar det ofring, men når du får igjen meir enn du gir er det rette uttrykket ei investering.

Filmen er full av det meste som kan spele på kjensler: Nostalgi, sterk musikk, pene menneske og pen natur nærast hand i hand, romantikk i mengder, tårer, smil av glede, djupe samtalar og stunder utan særleg håp, men med lykkelege utfall.

The Longest Ride var akkurat det eg forventa og håpa på. God romantikk med eit fint persongalleri bak seg. Alan Alda er ein av mine favorittskodespelarar. Britt Robertson lyser opp med både talent og utsjånad. Scott Eastwood var mest av interesse å studere i lys av at han er sonen til Clint Eastwood, men kler i grunn rolla godt.

Eg anbefaler filmen om du er glad i liknande filmar som The Notebook og Safe Haven.

The Longest Ride 2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

15. juli 2015 av

Regissør

George Tillman Jr.

Manusforfattarar

Nicholas Sparks (I), Craig Bolotin

Skodespelarar

Britt Robertson, Scott Eastwood, Alan Alda, Jack Huston, Oona Chaplin (II), Melissa Benoist, Lolita Davidovich, Elea Oberon, Kate Forbes, Tiago RianiVis alle 189 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Longest Ride