The Lookout

Film · 2007 · · 18. juni 2008
3/5

The Lookout har eit stort potensiale, men klarar berre til ei viss grad å oppnå det.

Joseph Gordon-Levitt har spelt i nok av filmar og seriar. Eg og kanskje andre kjenner han best frå Brick.

I The Lookout møter me han i rolla som Chris Pratt, viss bilulykke i ung alder har ført til ein hjerneskade som hemmar kvardagen hans i stor grad. Filmtraileren til denne filmen la stort vekt på krim og thriller mens store deler eigentleg er eit drama omkring evnene til Pratt å komme seg gjennom kvardagen.

Eg gjekk til filmen med få eller ingen forventingar om kva han skulle handle om. Eg visste at det var snakk om ein thriller, men med eit godt stykke tid i mellom då eg såg filmtraileren og då eg såg filmen var dei fleste konkrete inntrykka frå filmtraileren viska ut.

At det tar si tid før det blir fart i sakene i filmen gjorde meg altså ingenting. Eg kan likevel forstå at dei som forventa ein hardbarka krimfilm kan bli skuffa.

Når eg snakkar om eit potensiale som ikkje nådd tenker eg først og fremst på ei rekke unødvendige detaljar, spørsmål som ikkje er svara på og halvveges gjennomførte deler av filmen.

Grovt sett er The Lookout god underhalding med fleire ting for seg. Det er ei rekke småting som kunne ha vore gjort betre som trekk dette ned til hakket under god, ned til å berre bli ei grei filmoppleving.

Utan denne finpussen kjennest ei rekke løysingar noko billeg og filmen kunne også vore tent med å fokusere meir på hovudtråden og unngå alle avstikkarane. Tru meg, eg set stor pris på Isla Fisher som skodespelar, men i The Lookout er rolla hennar for udefinert. Ho er på veg til å spele ei større rolle, ho har ein glimrande dialog med Jeff Daniels, før ho brått forsvinn ut av handlinga utan å gi publikum anna enn endaåfleire spørsmål til kvifor ting blir gjort som dei blir.

Eg framstår som i overkant negativ, og vil på slutten påpeike at det er relativt små ting det er snakk om, som trekk ned den totale underhaldingsverdien i ein elles grei film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Lookout 2007 plakat - Filmdagbok