The Lord of the Rings: The Return of the King

Film · 2003 · · 19. juli 2007
4/5

Tar eg ikkje feil er dette fjerde gongen eg ser filmen. Slikt gjer eg ikkje utan vidare. I dette sambandet var det pappa som fekk ei innføring i trilogien, så eg har også sett halvparten av både The Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring og The Lord of the Rings: The Two Towers dei siste dagane.

Alle tre held seg godt. Både spenningen og dramaet er til stades. Detaljane i bilde er overveldande og vil nok aldri gå tomt for nye inntrykk. Ein ting eg legg merke til er dei enkle og forventa kommentarane som i fleire tilfelle blir som om manusforfattarane har plukka ut det mest fengjande frå boka og bygd ein del augneblinkar utelukkande på dette.

Men så har eg ikkje lese boka, difor veit eg eigentleg ikkje heilt kva det er snakk om, eller kva eg snakkar om. Sett trilogien i heilskap er det berre ein ørliten detalj å bry seg om. Nokon av orda gir meg enda ei god, kald kjensle nedover ryggen.

Med det har eg sagt meir enn eg skulle. Dette var ikkje meint som noko filmmelding, berre ein påminning om at dei som eingong likte filmane, sikkert likar dei enda.

IMDb-logo
The Lord of the Rings: The Return of the King 2003 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Sjangrar