The Lord of the Rings: The Two Towers

Film · 2002 · · 5. juni 2014
4/5

Tolv år etter er The Lord of the Rings: The Two Towers framleis ein solid film. Der musikken om mogleg har blitt betre, og berre ein ørliten del av dei visuelle effektane framstår som dårlegare etter dagens standard.

The Lord of the Rings: The Two Towers er andre film i The Lord of the Rings-trilogien, og tar for seg reisa til Frodo (Elijah Wood) og Sam (Sean Astin) som nærmar seg grensa til Mordor, der Mount Doom ligg – vulkanen som kan øydelegga den mektige ringen.

Merry (Dominic Monaghan) og Pippin (Billy Boyd) møter dei levande trea, ents, og vender seg mot Isengard der Saruman (Christopher Lee) held til. Resten av folket når landområdet Rohan, og hjelper menneska der i det hæren til Saruman går til angrep mot dei.

Filmen går ei fin linje mellom det nære og personlege, og dei store og mange kampscenene. Med så mange karakterar som filmen har, så blir dette som fleire filmar i ein, og det er ingen fare for at kvar enkelt del drar ut. Rett nok kjem ikkje alle karakterane så mykje nærare målet her heller. Den utvida versjonen av filmen er i underkant av fire timar lang, og ettersom eg har sett filmen fleire gonger før er det uaktuelt å sjå han samanhengande.

Tanken bak å berre sjå denne eine filmen i denne omgang, var å finne ut om han står seg godt åleine. Konklusjonen er ikkje klar. På ei side så skjer det så mykje at det ikkje står på underhaldningsverdien sånn sett. På den andre sida er dette som den andre av tre filmar ei ufullstendig historie. Detaljane frå dei andre er byrjar å forsvinne, så The Lord of the Rings: The Two Towers gir meg lyst til å oppleve både starten og slutten. Men sett som ein sjølvstendig film er det eit ufullkommen eventyr. Eit eventyr utan tvil, men der eg berre får reisa, og ikkje endinga.

IMDb-logo
The Lord of the Rings: The Two Towers 2002 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Bruce AllpressSean AstinJohn Bach (I)Vis alle

Sjangrar