The Lost Room

Serie · 2006 · · 22. februar 2007
4/5

Tenk deg ein nøkkel opnar alle dører, der dørene alltid leiar til det same motellrommet. Politibetjent Joe Miller finn ein slik nøkkel, som også opnar opp for eit mysterium. Det er mange teoriar bak nøkkelen som dukkar opp i denne SyFy-serien om eit tilsynelatande vanleg objekt med ekstraordinære eigenskapar.

Ein slik nøkkel er interessant for mange, og her har det blitt plass til eit stort persongalleri i serien. Produksjonen har fleire kjente namn på lista, av dei kan eg nemna Peter Krause og Kevin Pollak. The Lost Room si sterke side ligg dessverre ikkje i skodespelarprestasjonar. Serien kan verke upolert og billeg, og dette ser me igjen i rollebesetninga, trass i kjente namn.

Sjølv med eit preg av å verke billeg har eg mine tvil om at han faktisk var det. The Lost Room er ein god serie. Enkel, men god. Mystikken og science fiction-elementa er fletta saman på ein lettgripande måte, som eg over fire og ein halv time får nok tid til å bli kjent med utan å gå lei. Det er lett å gripe hand om det som skjer når du slepp å bruke fleire år på å sjå alt. Det er fordelen med miniserieformatet.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
The Lost Room 2006 plakat - Filmdagbok

Land