The Machinist

Film · 2004 · · 14. juni 2005
3/5

Midt i filmen kraup ei David Lynch-stemning over meg, og ei lita stund der gjekk ting rett forbi meg utan at eg forstod mykje av poenget. Men det heile løyste seg enklare enn ein av dei spesielle filmane til David Lynch.

Christian Bale som den tynne og galne personen var ikkje noko pent syn. Filmen er dessutan kald, men klarar å kome med poeng som gjer inntrykk. Og gjer ingen dette til ein personleg favoritt på grunn av dei skrudde scenene, så har eg eit fullstendig feil syn på menneske. Nokon må jo like dette.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Machinist 2004 plakat - Filmdagbok